Året er no så langt kome at klimaet og naturen liksom står og vippar mellom sein haust og tidleg vinter. Vi har alt hatt rim-netter i hagen på Geitmyra, men dei fleste plantene overlevde streifet av frost og veks fortsatt - sakte. Det er litt arbeid att - Vi bør hauste potet, jordskokk, rotselleri, grønnkål, dill, rødbete og pepperrot. Det er tilogmed ei gulrot der! (..og det gjekk med mange fine økologiske gulerotfrø for å få avla fram den!). Epletreet i det eine hjørnet har fortsatt ein del frukt på seg. Det er fortsatt opphakka greiner omkring i skolehagen som vi kan hente og bruke til jorddekking eller kompost. Vi har hatt diverse dugnads-dagar og variert innsats, grilling og kos. For meg personleg er det og verdt å minnast den dagen nær 50 4.-klassingar frå Ila fekk smaken på brennesle-te i kjøkkenet i det vesle raude huset. Det var moro, ja.. :-) Hagen bidrog og til opplesing torsdagen før haustferien, da eg var i 2. klasse på Ila og las ei kort novelle om unger i potetåkeren - med potetplante og poteter frå Geitmyra som illustrasjon. Ellers kan vi melde at vi nyleg hadde ein fantastisk graskarmiddag (suppe og pai) med barne-gjester som var opp i under over at mat av graskar kunne bli så godt :-). Eit Geitmyra- og eit kjøpegraskar står ute med te-lys inni og er klare for Halloween. (Inspirert av denne suppa, blir det graskar-suppe når vi den 27. november skal ha fest på sang-, eventyr- og teatergruppa for barn i Bygdø allé 13. Alle interesserte er velkomne dit kl. 16 for suppe, barneteater og -opplesing!). Eg kom i skade for å sukke litt over her, over alle gulrotfrøa som ikkje ga oss avling. Det er alt for lett å henge seg opp i det som ikkje har gått bra - så da er det nyttig å minne seg på alt hagen i løpet av dette året faktisk har servert oss.. Grønnkål Rødbeter Poteter Gulrot Graskar Jordbær Jordskokk Rabarbra Mynte Graslauk Persille Plukk-salat Reddik Sukkererter Rotselleri Chungiku Dill Tomat Pepperrot Spansk kjørvel Lauk Sitronmelisse Borago Epler Løpstikke Brennesle (!) I tillegg har vi jo hatt glede av tagetes, solsikke, valurt, kvann og andre som vi ikkje åt. Det er jo slett ikkje verst, eller?!! Så da er det berre å følge med på forestillinga regissør Årstid og dramaturg Klima framfører - og glede seg til hage-arbeid neste år!
onsdag 23. oktober 2013
Det går mot vinter
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar