onsdag 23. oktober 2013

Det går mot vinter

Året er no så langt kome at klimaet og naturen liksom står og vippar
mellom sein haust og tidleg vinter. Vi har alt hatt rim-netter i hagen på
Geitmyra, men dei fleste plantene overlevde streifet av frost og veks
fortsatt - sakte.

Det er litt arbeid att -

Vi bør hauste potet, jordskokk, rotselleri, grønnkål, dill, rødbete og
pepperrot. Det er tilogmed ei gulrot der! (..og det gjekk med mange fine
økologiske gulerotfrø for å få avla fram den!). Epletreet i det eine
hjørnet har fortsatt ein del frukt på seg. Det er fortsatt opphakka
greiner omkring i skolehagen som vi kan hente og bruke til jorddekking
eller kompost.

Vi har hatt diverse dugnads-dagar og variert innsats, grilling og kos. For
meg personleg er det og verdt å minnast den dagen nær 50 4.-klassingar frå
Ila fekk smaken på brennesle-te i kjøkkenet i det vesle raude huset. Det
var moro, ja.. :-)

Hagen bidrog og til opplesing torsdagen før haustferien, da eg var i 2.
klasse på Ila og las ei kort novelle om unger i potetåkeren - med
potetplante og poteter frå Geitmyra som illustrasjon.

Ellers kan vi melde at vi nyleg hadde ein fantastisk graskarmiddag (suppe
og pai) med barne-gjester som var opp i under over at mat av graskar kunne
bli så godt :-). Eit Geitmyra- og eit kjøpegraskar står ute med te-lys
inni og er klare for Halloween.

(Inspirert av denne suppa, blir det graskar-suppe når vi den 27. november
skal ha fest på sang-, eventyr- og teatergruppa for barn i Bygdø allé 13.
Alle interesserte er velkomne dit kl. 16 for suppe, barneteater og
-opplesing!).

Eg kom i skade for å sukke litt over her, over alle gulrotfrøa som ikkje
ga oss avling. Det er alt for lett å henge seg opp i det som ikkje har
gått bra -

så da er det nyttig å minne seg på alt hagen i løpet av dette året faktisk
har servert oss..

Grønnkål
Rødbeter
Poteter
Gulrot
Graskar
Jordbær
Jordskokk
Rabarbra
Mynte
Graslauk
Persille
Plukk-salat
Reddik
Sukkererter
Rotselleri
Chungiku
Dill
Tomat
Pepperrot
Spansk kjørvel
Lauk
Sitronmelisse
Borago
Epler
Løpstikke
Brennesle (!)

I tillegg har vi jo hatt glede av tagetes, solsikke, valurt, kvann og
andre som vi ikkje åt. Det er jo slett ikkje verst, eller?!!

Så da er det berre å følge med på forestillinga regissør Årstid og
dramaturg Klima framfører - og glede seg til hage-arbeid neste år!